Årsrapport 2023
På denne sida kan du lesa melding frå leiaren for 2023. Heile årsrapporten kan lastast ned som PDF, og lenke til årsrapportar frå tidlegare år finn du nedst på sida.
Last ned Forsvarsmateriells årsrapport her:
Leiaren har ordet
Samfunnsoppdraget vårt er å skaffe, forvalte og avhende materiell for Forsvaret på ein ressurseffektiv og berekraftig måte. Vi ivaretek eigarskapsforvaltinga i heile levetida til materiellet. Vi følgjer òg opp industrisamarbeid og internasjonalt materiellsamarbeid. Krigen i Ukraina har ført til ein betydeleg aktivitet for oss knytt til donasjonar for å styrkje den ukrainske forsvarsevna.
Forsvarsmateriell er ein kompetanseorganisasjon. Vi jobbar for å vere ein attraktiv arbeidsgivar som tiltrekkjer seg nye medarbeidarar og både beheld og vidareutviklar kompetansen til medarbeidarane. Vi skal vere ein god arbeidsplass og sikre at vi også i framtida har den kompetansen som skal til for å løyse samfunnsoppdraget vårt.
Oppdraga våre blir gitt i dei årlege tildelingsbreva frå Forsvarsdepartementet. I 2023 var det overordna effektmålet følgjande: «Materiell og tenester som møter Forsvarets behov, er tilgjengeleggjorde på ein mest mogleg ressurseffektiv og berekraftig måte.» Dette blir underbygd av tre resultatmål:
• R1. Framskaffing av materiell og tenester til avtalt tid, kostnad og yting
• R2. Effektiv eigarskaps- og materiellforvalting
• R3. Eit beredskapsklart Forsvarsmateriell
Vi har overført vel 100 leveransar til Forsvaret i 2023. Blant materiellet vi har overlevert, er to kystvaktfartøy i Jan Mayen-klassen, tre F-35 kampfly og eitt P-8 Poseidon maritimt patruljefly, i tillegg til ulike panservogner. Vi har dessutan levert handvåpen, nærforsvarsvåpen, hjelmsystem og kampvestar. Innanfor IKT-området har vi levert nye sambands- og kommunikasjonsløysingar for ulike formål i Forsvaret.
Mange av prosjekta som er i gjennomføringsfase, har god framdrift. Vi har inngått kontrakt om å kjøpe 54 Leopard 2 A8 NOR stridsvogner og 6 Sikorsky SH-60R Seahawk maritime helikopter. Dei nye ubåtane har tilfredsstillande framdrift, med byggjestart i oktober 2023. For framtidige anskaffingar har vi greidd ut og levert avgjerdsgrunnlag for nye prosjekt til ein verdi av 25,5 milliardar kroner.
Vår vurdering er likevel at måloppnåinga er mindre tilfredsstillande for resultatmål 1. Hovudårsaka er forseinka framdrift i gjennomføringsfasen av prosjektporteføljen, spesielt innanfor leveransar som F-35 kampfly, og i programmet MAST.
Ein pressa leverandørmarknad gir leveranseutfordringar for enkelte prosjekt. Det er sett i verk risikoreduserande tiltak; mellom anna vil vi sikre effektive prosessar fram mot kontraktinngåing og i leverandøroppfølginga. Vi har styrkt kapasiteten på investeringsområdet for å vere betre rusta for eit høgare investeringsnivå, og vi held fram med dette arbeidet i 2024.
Vi har styrkt kapasiteten på investeringsområdet for å vere betre rusta for eit høgare investeringsnivå, og vi held fram med dette arbeidet i 2024.
Når det gjeld resultatmål 2, er det tilfredsstillande teknisk tilstand for dei fleste av materiellsystema. Den overordna statusen blir likevel trekt ned av utfordringar ved nokre sentrale system, slik at status på resultatmålet er mindre tilfredsstillande. Materielltryggleiken er ivareteken, og eigarskapsforvaltinga har hatt ei klart positiv utvikling gjennom året.
Resultata og framdrifta innanfor avhending av materiell er tilfredsstillande. Dei tre første F-16 kampflya blei leverte til Romania i november. Fire P-3 Orion-fly er selde til Argentina. Utrangering og avhending av eldre materiell bidreg til berekraft og til å effektivisere logistikken i Forsvaret og frigjere kapasitet i Forsvarsmateriell.
Resultatmål 3 har tilfredsstillande måloppnåing for 2023.
I 2023 har vi støtta den nasjonale forsvarsindustrielle strategien på ein tilfredsstillande måte. På vegner av Forsvarsdepartementet forhandlar vi fram industrisamarbeidsavtalar med utanlandsk industri i dei prosjekta der det er krav om det. I 2023 forhandla vi fram fem nye avtalar med utanlandske leverandørar med ei samla forplikting på 19,5 milliardar kroner.
Industrisamarbeidsavtalane kjem norsk forsvarsindustri til gode, inkludert små og mellomstore bedrifter. Norsk forsvarsindustri leverer verdsleiande materiell gjennom fleire av prosjekta.
Vi jobbar med å integrere berekraft i organisasjonen vår og i dei enkelte prosessane. I prosjekta våre søkjer vi etter berekraftige løysingar. Vi har mellom anna inngått rammeavtale om kjøp av elektriske hjullastarar, og vi har utløyst opsjon på kjøp av simulator for dei nye stridsvognene, som gir meir berekraftig og kostnadseffektiv trening. I samarbeid med Forsvaret har vi reetablert kapasitet på Nordkisa for å reparere uniformer, kampvestar og patruljetelt, noko som forlengjer levetida på materiellet. I desember 2023 blei hovuddelen av alle luftfartøya til Forsvaret godkjende for bruk av SAF (Sustainable Aviation Fuel). Dette er eit viktig skritt i rett retning for forsvarssektoren med tanke på omstillinga til det grøne skiftet. Det blir gjort ein felles innsats for berekraft i sektoren, og i 2023 bidrog vi til Forsvarsdepartementets arbeid med ein samla strategi som dekkjer alle berekraftsdimensjonane.
Vi ivaretek samfunnsansvaret vårt med å forvalte fellesskapet sine ressursar på ein forsvarleg måte. Den totale budsjettildelinga innanfor drift og investering var på 24,0 milliardar kroner, og vi har rekneskapsført 23,7 milliardar kroner. Økonomistyringa til etaten og kvaliteten på verksemdsrekneskapen for 2023 blir vurdert som god. Innanfor styring og kontroll har vi i 2023 forbetra systematikk og metodeverk innanfor risikostyring, internkontroll og tryggingsarbeid. Dette arbeidet held fram i 2024. Styringssystemet til etaten er eit viktig verktøy for å sikre forsvarleg forvalting i den daglege drifta.
Utviklinga i den tryggingspolitiske situasjonen har understreka kor viktig oppdraget vårt er. Materielldonasjonar, reanskaffingar og støtte til Ukraina er òg viktige bidrag i samband med trygginga av Noreg. Vi har inngått ein avtale om å støtte utviklinga av søsterorganisasjonen vår (DPA) i Ukraina. I tida som kjem, vil vi vidareføre støtta til Ukraina gjennom bidrag til Nansen-programmet.
Evna sektoren har til å nå måla i den gjeldande langtidsplanen innanfor modernisering og effektivisering, er under press. Saman med Forsvaret og dei andre etatane har vi eit ansvar for å bidra til å nå måla sektoren har sett. Her ligg vi litt etter planen. Samtidig ligg vi godt an til å nå dei interne målsetjingane våre på området.
Sektorreforma blei igangsett av Forsvarsdepartementet som ein del av tillitsreforma til regjeringa. Hovudmålet er å skape best mogleg forsvarsevne ut frå dei politiske og økonomiske rammene vi har. Endringane skal føre til raskare vedtaksprosessar, høgare gjennomføringstempo og auka effektivitet. Vi har etablert programmet Fram som et internt verkemiddel for å utvikle Forsvarsmateriell vidare. Gjennom dette programmet skal vi gjennomføre tiltak frå sektorreforma og gjere nødvendige justeringar i oppgåver, organisasjon og prosessar slik at vi blir i stand til å levere meir effektivt. Vi skal òg utvikle etaten vidare så Forsvarsmateriell blir ein endå meir attraktiv arbeidsplass. Arbeidet med sektorreforma og Fram vil bli vidareført i 2024.
Vi vil rette ein stor takk til medarbeidarane våre for solid innsats! Vi ønskjer òg å takke Forsvaret, dei andre samarbeidspartnarane våre i sektoren og leverandørane våre, som har bidrege til god måloppnåing i år.
Gro Jære
direktør Forsvarsmateriell
Oslo, 30. april 2024